Barn og unge

 

Stad å vere

Stor sitjepute og bokhyller med biletbøker   ungdomskrok i biblioteket, med sofa, dataspel og skjerm

Barn i småskulealder har ein eigen krok i 1. etasje på biblioteket, der dei kan finne bøker og sitte i den gode sakkosekken og lese.
Litt eldre born og unge har kroken sin i kjellaren. Der kan dei kose seg i den gode mjuke sofaen og spele PS4 eller berre sitte og prate med kvarandre.

Sommarles

Kvart år kan du som går i 1.-7. klasse delta i Sommarles. Det er ein digtal lesekampanje som varer frå 1. juni til og med 31. august. Du må først lage deg ein brukar på sommarles.no og etterpå kan du registrere alt du les i denne perioden. Når du har nådd level 10, 20 og 30 kan du hente premie i biblioteket. Det vil også bli nokre ekstra premiar til dei som kjem over level 40. Det er gratis å delta.

Om hausten har vi avslutningsfest for deg og alle dei andre som har delteke i Sommarles det året, med underhaldning og utdeling av premiar og diplom.

Lesetips frå nynorskbok.no

  • Illustrasjonsbilete for omtalen avBerenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
    Trøbbel er sjette del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Endeleg er Vesle Rev og Store Villsvin tilbake med bodskapet om det gode livet til oss. I denne boka er også Skogmusa, Ekornet og Eldfluga sentrale karakterar i spennet og virvaret mellom det gode og vonde.
  • Illustrasjonsbilete for omtalen avBrynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
    I Norsk kjærleik er det kjærleik som renn som ein klar straum gjennom diktsamlinga. Tjønn går igjen i djupna på si eiga livshistorie, og opp og fram kjem dikt som fløymer i spennet mellom vest i Noreg og sør i Korea. Dikta har narrative element frå Tjønn sitt verkelege liv og går i djupna der…
  • Illustrasjonsbilete for omtalen avVegard Markhus: Alien i klassen 2. UFO-gjengen
    Dette er den andre boka i serien Alien i klassen. I den første boka, Mitt liv på feil planet, møter vi Ulrik som er heilt åleine. I den andre boka, UFO-gjengen, har Ulrik fått to gode vener.

Bokmeldingar frå framtida.no

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close