Lansering av Allmennsoga del 1 

 

Bilete av framsida av Bremanger bygdebok band 5 Allmennsoga 1850 - 1945

Første del av allmennsoga for Bremanger kommune blir lansert på Bremanger Fjordhotell i Svelgen, torsdag 16. november kl. 17.00.

Verket fortel gjennom tekst, bilde og figurar om den historiske utviklinga i perioden frå ca. 1850 og fram til 1945. Her finst mange skildringar av det daglege slitet og strevet i åkeren og på fiskehavet, men vi får og høyre om dramatiske hendingar som forlis, økonomiske kriser, krigshendingar og ikkje minst om vasskraftutbygginga og industrieventyret i Svelgen. Boka inneheld ei rekkje førstehands forteljingar, og forfattaren tek oss tett inn på livet til folk i kyst- og fjordbygdene fram til slutten av siste krig.

Forfattar Gaute Losnegård blir til stades og vil presentere og signere boka.

 

Bremanger sogenemnd

Tekst ved Liv Marit Bøen, henta frå heimesida til Bremanger kommune.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close