E-bøker
Gjennom appen BookBites kan du låne e-bøker og e-lydbøker til smarttelefon eller nettbrett. Last ned appen, opprett brukar og registrer lånekort og pinkode, så kan du laste/lese ned e-bøker eller lytte til lydbøker. Video om korleis du oppretter ein brukar i BookBites
- På nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du søke opp og lese eldre bøker, aviser og anna digitalisert materiale
- På Bokhylla.no har brukarar med norske IP-adresser tilgang til alle bøker utgitt i Noreg til og med år 2000.
- I Avistenesta kan du lese landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag. Nokre aviser er berre tilgjengelege på biblioteket (sjå tilgang)
- Billedbokhylla.no er eit utval av biletbøkene som Nasjonalbiblioteket har skanna og lagt ut i sitt nettbibliotek, samla og presentert av Hammerfest bibliotek. Bøkene må lesast medan du er online.
- Libriovox eit frivilleg internasjonalt prosjekt der alle kan lese inn og publisere lydbøker av materiale som ikkje er underlagt opphavsrett (dvs. det gjerne er eldre bøker). Fleire språk.
Filmar
FIlmoteket er ei strøymeteneste for kvalitetsfilm for både barn og vaksne. Lånarar som er tilknytt Bremanger folkebibliotek og har nasjonalt lånekort, kan låne 5 filmar i månaden. Kvart lån varer i 48 timar.
- Filmbib er ei anna strøymeteneste der du kan sjå norske dokumentar- og kortfilmar gratis. Du må ha nasjonalt lånekort for å kunne nytte tenesta. Last ned appen Filmbib tilmobil/nettbrett, eller gå til nettsida filmbib.no.
Digitale aviser og tidsskrift
- I PressReader har du tilgang til over 7000 digitale aviser og tidsskrift frå heile verda. Kort innføring i bruk (engelsk)
Det er to ulike måtar å få tilgang på – via bibliotekets nettverk eller via innlogging i basen til biblioteket.- Via nettverk: På mobil og nettbrett kan du laste ned appen PressReader og kople deg på nettverket på biblioteket. Då har du full tilgang til Pressreader i 7 dagar (du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen). På pc går du inn på com medan ein er på biblioteket sitt nettverk
- Via innlogging. Gå til innloggingssida i bibliotekets base, logg inn med lånenummer og pin, og Pressreader-ikonet skal dukke opp nedst i menyen til venstre
- Aviser digitaliserte av Nasjonalbiblioteket. Les landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag. Nokre aviser er berre tilgjengelege på biblioteket (sjå tilgang), kontakt oss om du treng tilgang når du er hos oss.
Verdensbiblioteket
- På Verdensbiblioteket.no finner du e-bøker og lydbøker for både vaksne og barn på ei rekke språk. Det er gratis å bruke og ope for alle i Noreg, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.
Biblioteksøk – søk i katalogane til bibliotek i heile landet
- Biblioteksøk er ein felles inngang til samlingane til norske fag- og folkebibliotek, der du som brukar har høve til å låne litteratur fra alle norske bibliotek. Det gir også direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Med lånekortet ditt kan du bestille det du ønskjer og sjølv bestemme hentebibliotek.
Ordbøker
- NAOB – Det Norske Akademis ordbok (Norwegian Academy Dictionary) er ei fritt tilgjengeleg, løpende oppdatert digital ordbok, publisert på oppdrag frå Kulturdepartementet
- Nynorskordboka og Bokmålsordboka er einspråklege ordbøker for nynorsk og bokmål. Dei viser skrivemåtar og bøyging i tråd med dei gjeldande normene og oppgir betydninger, brukseksempel og korte etymologiar.
Helsebiblioteket
- Helsebiblioteket.no er drifta i Folkehelseinstituttet og gir gratis tilgang til fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrifter og andre kunnskapsressurser innan helse og medisin
- Felleskatalogen
- Helse Norge
Karanteket
- Karanteket.no gir deg oversikt over digitale bibliotekressursar