Visste du at med Nasjonalt lånekort kan du låne bøker på biblioteket – uansett kvar du er i landet?

Nasjonalt lånekort er knytt til fødselsnummeret ditt, og du kan derfor bruke det på alle bibliotek. Første gang du er på eit nytt bibliotek, må kortet aktiverast i biblioteket sin lokale database, og så er det berre å låne i veg. Er du på Norgesferie og treng påfyll av lesestoff til deg sjølv eller barna, er det altså berre å stikke innom det lokale biblioteket. Og det gjer ikkje noko om du har lagt igjen lånekortet heime – så lenge du har med legitimasjon med fødselsnummer, kan du fortsatt låne.

Du kan også levere bøkene du har lånt på eit bibliotek som høver deg best. Så hvis du les ut Solsøsteren i Kristiansand, eller kjem heim med alle Kaptein Supertruse-bøkene du lånte på Voss bibliotek, kan du uansett levere på biblioteket der du er.

God lesesommar i heile Norge!

Teksten er utarbeidd av Ski Bibliotek

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close