Helge Sveen, som spelar Johansen

Helge Sveen

Genser`n til Johansen : svingande musikkteater for eldre

Bremanger folkebibliotek 14. mai 2021, kl. 17.00. Helge Sveen er, saman med Kjetil Røren, attende med ei ny framsyning om den pensjonerte sjømannen Johansen og genseren hans. Han har med seg nye historier og godmusikk frå 50- og tidleg 60-tal.Framsyninga handlar om den gamle sjømannen som har komme på aldersheim. Han er i krangel med bestyrerinna, som vil ha av han den gamle, stygge genseren og heller få på han noko pent, men bestyrerinna kjenner ikkje minna som ligg i genseren: Jentene var ville etter den unge sjømannen med den fine genseren ! Castro sneipa sigaren sin i den! Elvis hadde lyst til å kjøpe den – og Lauritz Bergendahl sette fyr på den med OL fakkelen! Genser’n te’n Johansen er ein kulturskatt!

Historia om Johansen fortel om frustrasjonen over å kjenne seg til overs og umyndiggjort. Samstundes er den eit tilbakeblikk på eit rikt og spanande liv, som blir skildra med takksemd og glede. Dette er ei framsyning som passar svært godt til målgruppa; eldre. Den er ei erindringsreise attende til då publikum var unge og med på å bygge landet. Det er berre å sette seg godt til rette, og bli med på en ny seglas med Johansen og genseren hans.


I Svelgen skal dei ha arrangementet på biblioteket (kontakt: Bodil Edvardsen. 95989319)

Translate »

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close