Bilete med julepynt langs kantane, ei kort overskrift og logoen til Bremanger kommune og Bremanger frivilligsentral

Julegåve til barn og unge som treng det mest i Bremanger kommune

Målet er at alle barn og unge i Bremanger kommune skal få ei julegåve å opne på julafta. Alle gåvene blir samla inn hos nærbutikkane i dei ulike bygdene og folkebiblioteket.

For at gåvene skal nå barna må du

  1. Kjøpe eller lage ei fin gåve
  2. Pakke den inn og merke den med alder og storleik, eventuelt kjønn
  3. Levere gåva til din lokale nærbutikk eller i biblioteket

Viktig at ein leverer gåvane seinast tysdag 10. desember

Frivilligsentral i samarbeid med kommunal leiing hentar gåvene frå butikkane 12. desember og deler dei ut til alle som har meldt inn behov til Bremanger Frivilligsentral.

TUSEN TAKK

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close