Personvernerklæring

Personvern

Bremanger folkebibliotek er oppteken av å verne om og respektere personopplysingane dine. Difor handsamar vi dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Denne personvernerklæringa skildrar kva for personopplysingar vi registrerer når du blir låner hjå oss, nyttar Mine sider og besøker denne nettsida.

Vi oppmodar deg til å lese grundig gjennom denne personvernerklæringa.

Behandlingsansvarleg

Biblioteket ved dagleg leiar er ansvarleg for handsaming av personopplysingar i samband med tenestene våre. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til personvernerklæringa eller rettane dine etter personopplysingslova, kan du kontakte oss på biblioteket@bremanger.kommune.no

Korleis vi nyttar personopplysingane dine

Med personopplysingar meiner vi opplysingar som kan knytast til deg som enkeltperson.

Personopplysingane dine vil bli lagra til du seier opp låneavtalen, eller trekker tilbake eit samtykke. Vi kan i dag ikkje sjå om lånekortet har vore nytta til innlogging i digitale tenester, og vi kan difor ikkje vurdere om ei låneavtale er «aktiv». Når det kjem på plass ein funksjon som gjer at vi kan sjå dette, vil vi definere kor lang tid personopplysingane skal lagrast etter at ei låneavtale har vore i bruk.

Personopplysingar knytt til fakturaer og betaling blir lagra i 10 år, fordi dette er eit krav som følger av rekneskapslovgjevinga.

Vi deler ikkje personopplysingane dine med andre.

Opplysingar vi samlar inn

For å låne bøker og andre medium, eller nytte mange av dei andre av tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når vi registrerer deg som lånar. Dersom du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan vi knyte det til biblioteket vårt. Du treng ikkje meir enn eitt nasjonalt lånekort. Dei same opplysingane blir handsama på same måte enten vi registrerer deg som ny lånar, eller vi registrerer eit lånekort du allereie har til biblioteket vårt.

Når vi registrerer deg som lånar, vil vi samle inn og lagre opplysingane dine om fornamn, etternamn, kontaktinformasjon (adresse, e-post og telefonnummer), fødselsdato og fødselsnummer/ID-nummer og heimebibliotek (det biblioteket du nyttar mest).

Vi treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrere lån, og dermed oppfylle avtalen vi har med deg. Vi treng fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låne av oss og kva for rettar du har. Vidare samlar vi inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunne kople deg til det nasjonale lånarregisteret. Fødselsnummeret er nødvendig for eintydig identifikasjon av personar.  Du kan reservere deg mot å oppgi heile fødselsnummeret ditt, men då kan vi berre gi deg eit lokalt lånekort. Lokale lånekort gjeld kun i biblioteket vårt.

Nasjonalt lånarregister

Dette er ein nasjonal database med personopplysingar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunne bruke nasjonale lånekort, blir lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen blir det lagra opplysingar om:

  • Lånarnummer
  • Fødselsdato
  • Kjønn
  • Kryptert fødselsnummer
  • Namn
  • Inntil to postadresser
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Føretrekt kontaktmetode: brev, e-post eller SMS
  • Heimebibliotek: det biblioteket du bruker mest
  • PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteka sine webløysinger
  • Opplysingar om kva for bibliotek lånaren er knytt til

Det blir ikkje lagra opplysingar om utlån, reserveringar eller andre tilhøve mellom lånaren og det enkelte biblioteket i denne basen. Ingen av opplysingane i Nasjonalt lånarregister er sensitive etter personopplysingslova.

I Nasjonalt lånarregister er det lagt vekt på å følge reglane for handsaming av personopplysingar:

  • Adresseopplysingane dine vil ikkje bli selde eller gitt vidare til andre.
  • All kommunikasjon mellom det enkelte biblioteket og det nasjonale lånarregisteret er kryptert og beskytta av brukarnamn og passord.
  • Opplysingane vil bli oppbevart til lånaren krev dei fjerna, eller eit av biblioteka lånaren er knytt til får melding om dødsfall.
  • Nasjonalbiblioteket er behandlingsansvarleg for opplysingane i nasjonalt lånarregister.
  • Du kan sjå kva for opplysingar som er lagra om deg ved å logge deg inn på https://nb.bib.no/ med lånarnummer og pinkode/passord eller med bankID el.l..
  • Du kan krevje opplysingane endra eller sletta i alle biblioteka der du nyttar kortet.

Lånehistorikk

Standardinnstillinga i biblioteksystemet er at opplysingar om kva du låner vert sletta når du leverer tilbake lånet, eller betaler erstatning for materiale som er tapt eller skada medan du har disponert det. Du kan gå inn i innstillingane og slå på (og av) lagring av lånehistorikk.

Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved. Du kan logge deg inn på Meg & mitt i websøket og velje at systemet skal hugse lånehistorikken din. Eit slikt aktivt val er å rekna som samtykke. Viss du seinare ombestemmer deg og vel bort lagring av lånehistorikk, vil heile historikken bli sletta.

Utlånssystemet for e-bøker (BookBites) lagrar lånehistorikken din utan å spørja først, men du kan skru den av under Min profil.

Informasjonskapslar (cookies)

Det rettslege grunnlaget for bruk av informasjonskapslar er Artikkel 6 i Personsopplysningslova som tillet handsaming av opplysingar som er nødvendige for å ta i vare ei rettkommen interesse, som veg tyngre enn omsynet til personvernet for den enkelte. Interessa er å forbetre tenestene våre.

Les meir om Informasjonskapslar (cookies)

Nettstaden

Vi nyttar informasjonskapslar på heimesida vår. Føremålet er å gjere brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetre tenestene våre. Informasjonskapslane lagrar mellom anna informasjon du legg inn og vil at nettsida skal hugse (t.d. brukarnamn, passord), slik at du slepp å skrive det inn kvar gong du besøker nettstaden.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina din når du går inn på ei nettside.

Vi lagrar ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som nyttar nettstaden å oppgi personopplysingar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å sende inn skjema. Behandlingsgrunnlaget er i slike høve samtykke frå deg.

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innebygd innhald (t.d. videoar, bilete, deling i sosiale medium) frå andre nettstader. Slikt innhald vil fungere som om du var på den andre nettstaden. Desse andre nettstadene nyttar truleg også informasjonskapslar som samlar data og sporar deg.

Alle nettlesarar gjer det mulig å begrense kva informasjonskapslane kan gjere. Dette kan du stille inn under sikkerheit og personvern i nettlesaren sine innstillingar. Nettlesaren let deg også sjå over dei informasjonskapslane som er lagra på datamaskina, og gir deg høve til å slette dei.

Utlånssystema

Biblioteksystemet nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager i nettenestene og web-appen. Dette blir nytta for å tilpasse brukaropplevinga, mellom anna ved å gi høve til at nettlesaren kan hugse påloggingsinformasjonen. Lokalt lager blir nytta der det er mulig, og informasjonskapslar blir nytta berre der det er behov for slik funksjon. Dersom lånaren ikkje godtek bruk av informasjonskapslar, kan dette skruast av i nettlesaren, men då vil det vere vesentlege funksjonar i nettenestene som ikkje vil virke.

Lokalt lager lagrar informasjon i nettlesaren. Denne informasjonen er tilgjengeleg for programmet som utformar nettsida i brukaren sin nettlesar. Innhaldet i det lokale lageret blir ikkje lasta opp til nettstaden. Ein del av det lokale lageret blir tømt når nettlesaren blir lukka. Den andre delen av det lokale lageret er permanent, og blir ikkje tømt.

I Mikromarc ligg det informasjon om informasjonskapslar og personvern i tenestene.

BookBites er tilgjengeleg som app for lånarane, og appen nyttar ikkje informasjonskapslar eller lokalt lager.

Innsyn og sletting av personopplysingar

Du kan krevje innsyn i opplysingane vi lagrar om deg, og krevje at dei blir retta om du finn feil. Du kan også avslutte låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi slettar personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at vi ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtalen.

Du kan logge inn på Meg og Mitt () for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønsker sletting av informasjon, kan du kontakte biblioteket ditt.

Det er mulig å sende ein offisiell klage til Datatilsynet dersom du meiner at handsaminga av personopplysingane dine strid mot personopplysingslova.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close