Krig og Pandemi i Europa

med Roger Severin Bruland

Bilete av Roger Severin Bruland på ein grussplass foran ei øydelagt panservogn

Foredrag på Bremanger folkebibliotek i Svelgen, Onsdag 1. november klokka 17:00.

Med NRK mikrofonen tett til brystet i uvær, flyalarmar og med flammande nynorsk, har vi fått innblikk i gode og særs utfordrande tilstandar i midt og Øst-Europa. Roger Severin Bruland er frå Utvik i Stryn og har dei siste 15 åra arbeida i NRK. No er han Berlin-korrespondent og har det siste året mellom anna gitt oss nyheiter frå Ukraina.

Han mottok Kulturdepartementets sin nynorskpris for journalistar i 2022 for bruk av nynorsk i media og er eit føredøme for andre i å uttrykke seg med si eiga dialekt.

No kjem han på turne med eit foredrag om kvardagen som Berlin-korrespondent, og korleis han med sine erfaringar kan gje eit bilde av Europa i dag.

Alle er velkomne! Arrangementet er eit samarbeid mellom Bremanger folkeakademi og Bremanger folkebibliotek.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close