Brynjulf Jung TjønnPå biblioteket i Svelgen, onsdag 19. april kl. 17.00!

Eit samarbeid mellom Bremanger Folkeakademi og Bremanger folkebibliotek

Kvit, norsk mann er ei diktsamling på vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme.
Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.
Det blir høve til å kjøpe bøker av forfattaren etter foredraget. Bruk gjerne Vipps om du har.
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er forfattar, dramatikar og forlagsredaktør. Han har skrive fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er». Tidlegare i år blei han tildelt P2-lyttaranes romanpris 2021 for «Kvar dag skal vi vere så modige». Han er også Husdramatikar ved Dramatikkens Hus. I år er han aktuell med diktsamlinga «Kvit, norsk mann».
«Kvit, norsk mann» byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupa.
I dette foredraget vil Brynjulf Jung Tjønn fortelje om korleis boka blei til og om kvifor han skriv – om Sogn og Fjordane og om kva dødsfallet til Arve Beheim Karlsen har hatt å sei for skrivinga hans (Folkeakademiet).
Gratis inngang!

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close