Meirope bibliotek

Meirope bibliotek er eit tilbod der du kan få tilgang til biblioteket utanom ordinær opningstid. No er hovudbiblioteket i Svelgen meirope. Meirope bibliotek byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Tilbodet skal vere til glede og nytte for alle – og difor må vi halde ro og orden når vi brukar tilbodet.

I Bremanger er hovudbiblioteket i Svelgen eit meirope bibliotek.

Når er biblioteket meirope?

Biblioteket i Svelgen vil no vere ope kvar vekedag frå 07:00 til 22:00. Dei ordinære, bemanna opningstidene vert uendra. De finn oversikt over gjeldane opningstider, og alle avvik, på heimesida.

Det kan vere arrangement på biblioteket i meirope tid. Informasjon om dette finn ein på biblioteket si heimeside eller på fysisk oppslag i biblioteket.

Dersom det vert avvik i meirope tid, t.d. at systemet er nede, vert det informert om dette på biblioteket si heimeside, på biblioteket sin Instagram og Facebook, og med informasjon i biblioteksrommet.

Personal vil ha kontortid i delar av meirope tid. Dersom du treng hjelp av ein tilsett, ønskjer vi likevel at du kjem i biblioteket si ordinære opningstid.

Korleis får eg tilgang?

For å få tilgang til meirope bibliotek i Svelgen, må du komme innom biblioteket og signere ein meirope-kontrakt. Det er 18 års aldersgrense på meirope bibliotek. Born under 18 år har tilgang til biblioteklokalet i meirope tid saman med føresette. Dei skal ikkje vere åleine i lokalet.

For å signere kontrakt og få tilgang må ein vere registrert lånar ved Bremanger folkebibliotek og ha eit lånekort og ein PIN-kode. Lånekort kan vere fysisk eller lasta ned på app. Det er enkelt å bli registrert lånar – om ein anten manglar lånekort eller PIN-kode kan ein og raskt ordne dette på biblioteket.

For meirope bruker ein ytterdøra som fører direkte inn til biblioteket. Det blir ikkje gjennomgang inn til kafeen i meirope tid.

Når du skal logge deg inn i meirope tid scanner du lånekortet ditt i automaten ved sidan av inngangsdøra og tastar inn PIN-koden din. Døra opnar seg automatisk når du forlet lokalet, og låser bak deg. Pass på at du ikkje forlet lånekort i lokalt om du berre skal ut ein liten luftetur!

Informasjon om innlogging lagrast ei stund etter brukt av meirope, deretter vert informasjon anonymisert for bruk i statistikk.

Reglar for meirope bibliotek

Når du signerar kontrakt for bruk av meirope bibliotek forpliktar du deg til å følgje desse reglane: (Dette er dei same reglane som står i kontrakten du signerar.)

  • For å bruke tilbodet må du lese igjennom og signere ein kontrakt med biblioteket.
  • I lokalet må du vise omsyn til andre, spesielt ved arrangement i biblioteket.
  • Halde orden i og ta vare på biblioteket ditt. Tilbodet skal vere til glede og nytte for alle som brukar det. Rydd opp etter deg før du forlét lokalet.
  • Du skal følgje lånereglane til biblioteket.
  • Tilgangen til meirope er personleg. Kontrakten du signerer gjev deg tilgang til biblioteket, og du er ansvarleg for korleis kortet vert brukt. Du har ikkje lov å sleppe inn andre i meirope tid. Unntak er familiar og foreldre som tek med born i meripe tid; du er då ansvarleg for dei og må vere saman med dei medan dei er i biblioteket.
  • Lokala må forlatast ved brannalarm, stengetid eller andre varsel.
  • Biblioteket kan fjerne din tilgang til meirope bibliotek dersom du bryt reglane for meirope. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er du økonomisk ansvarleg. Alvorlege hendingar vert meldt til politiet.
  • Når du loggar inn i det meirope bibliotek, vert det registrert at du er der. Informasjon frå låneprofilen din vert registrert når du låsar deg inn. Dette vert anonymisert for statestikk seinare. Biblioteket er kameraovervaka i meirope tid for at du skal føle deg trygg, og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.

Kameraovervaking

I meirope tid er biblioteklokala kameraovervaka. For å nytte biblioteklokalet i meirope tid må du samtykke til at det gjennomførast kameraovervaking i biblioteklokala (GDPR atikkel 6 nr. 1a). Informasjon om kameraovervaking finn du i kontrakten du må signere for å få tilgang til tilbodet. Underskrift på kontrakten er informert samtykke.

Du kan når som helst trekke tilbake samtykke. Det inneber at du ikkje lenger kan nytte tilbod om meirope bibliotek, men sjølvsagt kan ein framleis nytte biblioteket i ordinær opningstid. I ordinær opningstid er ikkje biblioteket kameraovervaka.

Formålet med overvakinga er å ta vare på din tryggleik, og til vern for biblioteket sitt inventar, utstyr og lokale. Opptak vert overlevert politiet for oppklaring av straffbare forhold.

Kameraopptak vert automatisk sletta etter 7 dagar. Unntak er materiale overlevert politi.

Tilbod i meirope bibliotek

  •  Tilgang til samlinga, og sjølvbeteningsautomat for utlån og innlevering.
  • Publikum-PC med svart/kvitt skrivar. Det kostar å skrive ut på biblioteket. Pris og informasjon om VIPPS finn ein ved skrivar.
  • Det er gaming-PC og PS 4 og 5 i biblioteket. Desse kan brukast i meirope tid. Dei same ordensreglane gjeld som ved vanleg opningstid. Mellom anna skal det ikkje vere mat og drikke ved PCane. Skru dei av når du er ferdig å spele.

Korleis bruke sjølvbeteningsautomaten:

  1. Vel “Låne” ved å trykke på symbolet på skjermen
  2. Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at det vert scanna av den raude lysstripa og tast inn PIN-kode.
  3. For å låne materiale må ein så scanne strekkoden på kvar bok (eller anna materiale) i den raude lysstripa. Ein kan berre scanne ein og ein ting i gongen.
  4. Skal du levere inn vel du “levere inn”. Ein kan velgje å levere inn både frå startskjerm og etter at ein har logga inn. Pass på at strekkoden til kvar bok du skal levere inn vert scanna av den raude lysstripa. Legg i bøkene i boksen på golvet ved sidan av automaten.
  5. Ønskjer du kvittering kan du anten velge å få kvittering på papir, eller kvittering på e-post. For å få kvittering på e-post må du registrere e-post hos biblioteket.
  6. Ønskjer du sjå kva lån og reserveringar du har kan du trykke på “mine lån”, då må du vere innlogga med lånkort og PIN-kode. (Merk at bøker som er under innkjøp ikkje kjem opp her.)

Digitalt lånekort

Du kan bruke eit fysisk lånekort eller eit digital lånekort for å låse deg inn på biblioteket i meirope tid, og for å bruke sjølvbeteningsautomaten. For å få tilgang til det digitale lånekortet dittpå mobil kan du følgje denne oppskrifta:

  1. Logg inn på “mine sider” på https://brembib.no/ med lånekortnummer/e-postadresse og PIN-kode. For å kunne logge inn med e-post må denne vere registrert i låneprofilen din.
  2. Du finn då lånekort nedst på sida. Tisp: ta eit skjermbilete av lånekortet og lagre det på telefonen, så slepp du å gjere same prosessen kvar gong du skal logge inn.

Ordensreglar ved biblioteket

Ordensreglane til biblioteket finn her. Ordensreglane gjeld og i meirope tid.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close