Skule og barnehage

 

Klassebesøk

Skular og barnehagar er velkomne til å besøke biblioteket når det passar dei i opningstida og etter avtale utanom opningstid. Ta kontakt med biblioteket i Svelgen på 916 65 053 eller biblioteket@bremanger.kommune.no

 

Sommarles

Kvart år kan du som går i 1.-7. klasse delta i Sommarles. Det er ein digtal lesekampanje som varer frå 1. juni til og med 31. august. Du må først lage deg ein brukar på sommarles.no og etterpå kan du registrere alt du les i denne perioden. Når du har nådd level 10, 20 og 30 kan du hente premie i biblioteket. Det vil også bli nokre ekstra premiar til dei som kjem over level 40. Det er gratis å delta.

Om hausten har vi avslutningsfest for deg og alle dei andre som har delteke i Sommarles det året, med underhaldning og utdeling av premiar og diplom.

 

Klassesett

Dersom skulane ønskjer klassesett av bøker, kan dei ta kontakt med Seksjon for bibliotekutvikling
Bøkene blir kostnadsfritt frakta til og frå hovudbiblioteket i Svelgen.

 

Depot til skular og barnehagar

Biblioteket kan lage alderstilpassa bokpakkar, som skular og barnehagar kan behalde ein ønska periode.

 

Samarbeid bibliotek og oppvekst

Skular og barnehagar som ønskjer lesestunder eller samarbeid om ulike tema, kan ta kontakt med Trond Strand, som har ansvar for barne- og ungdomsavdelinga, på  916 58 526.

 

Lesetips frå nynorskbok.no

  • Illustrasjonsbilete for omtalen avSvein Jarle Åbrekk: Granittgutta 2, TikTok-banden
    Dei gode kameratane Frank og Kristoffer har nettopp fått sommarferie. Dei skal vere med faren til Frank på ein konferanse for geologar. På veg dit fortel Frank at han har inngått eit veddemål med foreldra. Han skal poste ein film på TikTok, og dersom han får 1000 framvisingar, skal gutane få 500 kroner kvar i…
  • Illustrasjonsbilete for omtalen avBerenika Kołomycka: På fire bein. Den vegen.
    «Den vegen» er fjerde del av den vakre teikneserien «På fire bein» av Berenika Kołomycka. Vesle Rev og Villsvinet er framleis ute på eventyr. Her snakkar dyra vi møter om sine eigne ønske og korleis dei finn mot til å setje draumane sine ut i livet. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om…
  • Illustrasjonsbilete for omtalen avOvertrykk 2023
    Er du ein av dei mange som gler deg til årets utgåve av Overtrykk? Her har vi Overtrykk 2023, overrisla med eldfluger, uventa heltar som til dømes veslesystrer, og ikkje minst staselege, tøffe og usikre hestar!

Bokmeldingar frå framtida.no

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close