Promo for sommarles 2024

Fanga i spelet – sommerles 2024

 

Frå 1. juni startar årets sommarles!
Dette er ei digital lesekampanje biblioteket har delteke i i mange år no, og vi ser fram til nok ein sommar med mykle lesing, premiar på biblioteket og avslutningsfest i september. Kampanjen varer frå 1. juni til og med 31. august.
Ein kan logge inn på www.sommerles.no med same brukarnavn og passord som i fjor – om ein ikkje hugsar passordet kan ein resette det (det måtte denne bibliotekaren og gjere).
Det går ikkje an å registrere før 1. juni – då opnar sida. Vi set frem nye barnebøker, og hjelper gjerne dei som har spørsmål til innlogging eller registrering av bøker. Hugs at teikneserier, lydbøker og høgtlesing og tel – der er mange måtar å «lese» på. Ved å registrere lest materiale og delta i aktivitetar på sommarles-sida tener ungane XP og for digitale trofe og går opp i nivå. Ved visse nivå kan ein hente permiar på biblioteket.
Det kjem og kvar uke eit nytt kodeord – som vi kjem til å henge opp i biblioteket og legge ut, som ein kan registrere. Følg med.
Føresette kan følgje med på informasjon frå sommerles på deira offisielle facebook-side her
No langs med kjem det meir informasjon her, og på heimesida vår og instagram.
Vi sjåast i sommar!
Biblioteket tek etter planen sommerferie i halvanna veke i starten av august, men vi er opne med sommertider i juni og jul – vi skal oppdatere og legge ut opningstidene no snarast.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close