NLB
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit statleg bibliotek under Kulturdepartementet. Tilbodet er gratis og landsdekkande.
NLB produserer og lånar ut lydbøker og bøker i punktskrift. Dei har bøker for barn, ungdom og vaksne. Tilbodet omfattar også studielitteratur for studentar ved universitet, høgskule og fagskule.
Bok til alle
Leser søker bok (LSB) er ein samskipnad av over 20 norske organisasjonar som arbeider for at alle skal ha tilgang til litteratur.
LSB har ansvaret for at det skal kome ut tilrettelagd litteratur, det vil seie litteratur som tilpassar seg lesarar som har vanskar med å lese vanlege bøker. LSB sørgjer for at tilrettelagde bøker blir utvikla, gitt ut og formidla gjennom 160 Bok til alle-bibliotek. Desse biblioteka organiserer igjen om lag 750 leseombod som les høgt for folk som ikkje kan lese.
Bremanger folkebibliotek er eit Bok til alle-bibliotek og har eit godt utval av tilrettelagd litteratur.
Boksøk
LSB har laga søkjesida Boksok.no, der ein kan ein søkje etter og finne bøker som passar ulike behov, som
- Litt å lese
- Norsk som andrespråk
- Enkelt innhald
- Storskrift
- Punktskrift & følebilder
- Tegnspråk & NMT
- Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK).