Trude Teige

Forfattar Trude Teige

Trude Teige
Dei sanne historiane bak fiksjonen

Trude Teige er utdanna oversettar og journalist. Ho har arbeida som politisk reporter, nyheitsanker og programleiar i TV2.

Hausten 2020 var ho aktuell med dokumentarboka «På åstedet» saman med kriminalteknikar Eva B. Ragde.Den handlar om saker som Ragde har vore med på å oppklare gjennom den kriminaltekniske etterforskinga, og forfattarane fortel kva som skjedde før, under og etter alvorlege forbrytingar.

Teige har til no skrive 10 romanar og når ho no kjem på turné til oss, vil ho ta utgangspunkt i dei sanne historiane bak dei fire siste bøkene:

• «Mormor danset i regnet» -om dei norske kvinnene som gifta seg med tyske soldatar og mista statsborgarskapet sitt.
• «Pasienten» -ho tek oss med til innsida av Dikemark psykiatriske sjukehus.
• «Aldri tilgi» – om korleis ho har brukt erfaringar med #Metoo i den siste krimromanen sin.
• «Morfar pustet med havet» som kom ut no i 2021.

Trude Teige kjem til biblioteket i Svelgen tirsdag 21. september, kl. 18.00

Translate »

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close