No kan de komme innom biblioteket og sjå utstillinga «Mental helse og ukomfortable samtaler» (Mental health and uncomfortable chat). Utstillinga er i regi av ECCO og står utstilt til måndag 27. november.
Utstillinga spør kva mental helse er. Er det ein sinnstilstand? Definisjonen som brukt her i presentasjonen av utstillinga kan oversettast til norsk slik: «Mental helse er eit positivt konsept. Det omfattar følelsane våre, psyka vår, og vår sosiale interaksjon (med andre)».
Nedanfor finn de presentasjonen av utstillinga. Presentasjonen er lagd av voluntøren Julia – og kunstverka er lagd av voluntørar som har vore – og er – her i Bremanger med ECCO.