Torsdag 4. mai kl. 18.00 kjem to dyk
tige formidlarar til Bremanger Fjordhotell i Svelgen, Dette vert ein flott kveld med god taktfot og sterke forteljingar med Wayfaring Stranger som består av Jeff Pedersen og Jacob Wyrtz.

Gjennom teater, poesi og bluegrassmusikk, fortel Wayfaring Stranger om kva det kostar å forlate heimstaden sin. Smerta ved å ta farvel med dei næraste og kjære, og følelsen, som innvandrar, å vere ein utanforståande, men og verdien å lytte til fremmande stemmer.
Dette er ei svært personleg historie om smerte og tap, men den handlar og om korleis desse følelsane i sterk grad kan endre seg og verke motiverande. Stykket fokuserer på korleis vi definerer våre følelsar for omgrepet «heim» og kva det betyr å forlate heimen sin. Det å forlate – «ofre» – heimstaden sin, er ein investering innvandrarar gjer for sitt nye land. Dette blir i stor grad oversett i samfunnet og er sjeldan forstått av dei som ikkje sjølv har opplevd det.
Konsertversjonen vert framført av
Jeff Pedersen -song, skodespel og
Jakob Wyrtz- gitar, banjo, div.
Jeff Pedersen -song, skodespel og
Jakob Wyrtz- gitar, banjo, div.
Dette er eit samarbeid mellom Bremanger Folkeakademi, Bremanger Fjordhotell og Bremanger folkebibliotek