Onsdag 16. april – midt i påskeferien – har vi påskeverkstad for barn på biblioteket. Det er ein lågterskel drop-in verkstad frå 13:00 til 16:00 og vi lagar påskepynt og anna gøy med eggekartong, ull, papir, fargar og form.
Det er berre å komme innom og lage seg noko fint, det er ope for alle og gratis. Vi skal berre ha det kjekt saman.
Velkomen!
