Skule og barnehage

Barnehage

Biblioteket pakkar og lever bokpakkar med alderstilpassa bøker fast til alle barnehagane.

Dersom barnehagen ønskjer bøker om eit spesielt tema, eller bestemte titlar kan de ta kontakt med biblioteket og vi ordnar bokpakke på bestilling til din barnehage.

Trond Strand held lesestund i alle barnehagane i kommunen på avtalte datoar.

Om barnehagen ønskjer komme til lesestund på biblioteket, kontakt oss på førehand på telefon 916 65 053 eller på epost: biblioteket@bremanger.kommune.no

Skule

Klassebesøk: skulane er velkomne til biblioteket i opningstida. Om klassen berre vil låne ei bok på eiga hand kan de komme når det passar. Dersom skulen ønskjer at biblioteket skal leggje fram leseforslag, ha ei lita lesestund, presentere bøker til elevane eller liknande, då må de gje beskjed på førehand og avtale eit tidspunkt. Kontakt oss på telefon 916 65 053 eller på epost: biblioteket@bremanger.kommune.no