No som det nærmar seg sommar kan det berre bety ein ting – ny sommarles-kampanje!
Sommarles er ein digital lesekampanje for born og unge. Frå 01. juni til 31. august kan alle frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten til dei som gjekk ut av 7. klasse no i juni vere med på Sommarles. I Bremanger har vi vert med på lesekampanjen i mange år no, og ser fram til nok ein fin sommar med lesing.
For å vere med brukar ein nettstaden Sommarles. For å komme rett til sida kan de klikke her: Sommarles.
Om de har vore med tidlegare kan de nytte same konto og treng ikkje lage ny. Gløymt passord? Ikkje noko problem; på innloggingssida finn de lenkje for både gløymt brukarnamn og gløymt passord.
Premiar for dei ulike nivåa kan de hente på biblioteka i Svelgen og på Hauge. Merk at filialen på Hauge er stengt i sommarferien – men de kan hente i Svelgen, og om de skal på ferie i Noreg kan de stoppe innom lokale bibliotek som er med på sommarles rundt omkring og hente premiar der og. Hovudbiblioteket i Svelgen er ope heile sommar, men hugs å sjekke eigne opningstider for sommaren! De finn dei her på heimesida vår.
Det vert avslutning i september med underhaldning og utdeling av premiar. Meir info om den kjem når datoen er landa.
