Kulturnatt 2025

Sett av datoen – fredag 13. juni er det kulturnatt i Svelgen!

Biblioteket har i samband med kulturnatta ordna med forfattarbesøk av vår lokale optimist – Geir Arne Solheim.

Klokka 19:00 fredag 13. juni kjem han her på biblioteket i Svelgen.

Med utgangspunkt i boka si Start dagen med eit smil, tek Geir Arne Solheim oss med på ei reise gjennom eit halv-langt og innhaldsrikt liv, proppa med opplevingar, skråblikk og undringar og små og store katastrofer – ofte pakka inn i musikk, dikt, humor og ein god dose uventa visdom.

Geir Arne jobbar til dagleg i Nordfjordkompaniet – som gjer han til ein superhelt – og debuterar no som forfattar. Han går i gang med forfattarbesøka sine utan manus og powerpoint, og kva som skjer då veit ingen – ikkje ein gong Geir Arne. Ein ting kan vi garantere: det vert ekte. Og kanskje eit besøk du hugsar?

Kom innom – og start med eit smil!

Geir Arne Solheim står på ei strand i ein stor stråhatt og smilar. Tittelen på boka står over brystet hans: "Start med eit smil".
Program for kulturnatta 2025 - teksten er same som i innlegget, på botnen av plakaten er ei rad bilete av dei som skal vere med på kulturnatta: Ole Nilsen, Geir Arne Solheim, omslaget til boka hans, Jertrud Eikås og eit av bileta hennar.