Sommarlesfest

Då har vi gleden av å invitere til årets sommerlesfest – som markerer avslutninga på sommarles 2025.

Vi held fest på biblioteket i Svelgen onsdag 10. september klokka 18:00.

I år får vi besøk av Marthe Holien Bø som skal lese for oss og fortelje om boka si Ni løgner og jakta på eit smil. Arrangementet er ope for alle, og dei som ikkje har vore med på sommarles.

Etter forfattarbesøk så er det trekning av premiar for deltakarar av sommarles, og dei som ønskjer kan hente ut diplom i skranken.

Det vert enkel servering.

Om de har spørsmål om arrangement berre kontakt biblioteket.

Onsdag 10. september kl 18:00 Bremanger folkebibliotek, Svelgen.