Tilbake til kvardagen

Frå om tysdag 19. august er biblioteket tilbake til gamle rutiner. Vi har no dei vanlege opningstidene våre att, og er langope onsdag og torsdag. Fredagar er vi og ope att – til 15:30.

Vi har haustens første språkkafe onsdag 20. august – klokka 13:30 til 14:30 på biblioteket i Svelgen. Alle er velkomne – anten de snakkar norsk eller ikkje. Vi har lett gramatikk, hyggeleg samtale og kaffe eller te med noko attåt.

Onsdag 10. september skal vi ha sommarlesfest med forfattarbesøk, diplomar og premier. Meir informasjon kjem i eige innlegg og arrangement.

Torsdag 18. september har vi føredrag for vaksne i regi av Bremanger folkeakademi.

Det er fine ting å glede seg til no på hausten, og vi får og inn nye bøker på hyllene til de som leitar etter noko å lese no som kveldane sakte men sikkert vert mørkare.

Vi sjåast på biblioteket.