No er bibliotektransporten oppe og går att, og vi får levert fjernlån ein gong i veka.
Firmaet nor-log har teke over bibliotektransporten, og sidan dei er ny for akkurat dette arbeidet kan det nok ta ei veke eller tre før alt går knirkefritt.
Det betyr likevel at de no kan bestille bøker vi ikkje har her på biblioteket. De kan anten bestille sjølv via https://bibsok.no/ eller de kan komme i skranken og bestille hos oss.
Merk at dersom du bestiller direkte på biblioteksøk, så må du først vere registrert som lånar hos oss! Ellers får vi ikkje opp namn på den som bestiller, og kan ikkje varsle om at boka er klar til henting.
Det er no berre å slå seg laus.
