Sommarope dag på Hauge

Måndag 27. juli held filialen på Hauge sommarope.

Vi er ope frå 11:00 til 14:30 – og de som vil kan komme innom og finne noko å lese for sommaren.

Merk at dette er ein pop-opp dag – vi kjem til å prøve å halde ope eit par dagar til i sommar, men det vert litt etter kva som er mogleg med tanke på personal og sommarferie.

Om de lurar på noko kan ein kontakte biblioteket i Svelgen direkte.