Ny i Noreg
Her har vi samla ei rekkje lenkjer og oversikt over tilbod som er nyttige for de som er ny i Noreg. Ressursane som vert tilbode gjennom biblioteket er gratis. For å nytte det lokale bibliotekstilbodet – lån av filmar og bøker – må ein ha eit lokalt lånekort. Vil ein ha tilgang til eit utvida tilbod med fleire digitale ressursar, så må ein ha eit nasjonalt lånekort. Begge deler får ein enkelt ved å besøke biblioteket. Skal de ha nasjonalt lånekort hugs å ta med ID.
Det flerspråklige biblioteket
Det flerspråklige bibliotek har ei samling på over 70 ulike språk – de finn dei ulike språka og kan søke i samlinga her : Det flerspråklige bibliotek De kan ikkje sjølv låne frå Det flerspråklige biblioteket, men om de ber ditt lokale bibliotek bestille inn ein bokpakke på ønskjeleg språk gjer vi det. Desse bøkene kan de så låne som vanleg i biblioteket.
Ei anna teneste i regi av Det flerspråklige biblioteket er Verdensbiblioteket. Verdensbiblioteket er ei digital teneste som er gratis å bruke, men som krev innlogging. Her finn ein e-bøker for born og vaksne på ei rekkje språk. Klikk her for å sjå utvalet: Verdensbiblioteket.
Klar tale
Klar tale er Noregs einaste lettleste nyheitsavis. Avisa legg vekt på stor skrift og enkel tekst, som gjer artiklane tilgjengeleg for alle. Avisa dekkjer dagleg nyheitsstoff frå Noreg og verda, samt både kultur og sport. På sida kan ein justere storleiken på skrifta, og det er og mogleg å få lest innhaldet. Avisa finn de her: Klar tale
Norskkurs på nett
LearnNoW er eit gratis språkkurs på nett i regi av NTNU. NTNU står for Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet, og er eit universitet i Trondheim.
Duolingo er ein app med mange forskjellige språk. Ein kan bruke den både på PC og laste den ned som app på telefonen.
Calst er ei anna nettside i regi av NTNU. Calst står for Computer-assisted listening and speaking turor.
GREI er forskjellige spel som lærar deg norsk. Noko av spela byrjar bli gamle, men dei kan framleis spelast.
Øvingsoppgåver norsk
Andre nyttige nettsider
LEXIN – her finn de ordlister på mange språk
Norskprøve m.m. – her finn de informasjon frå Direktoratet for høyre utdanning og kompetanse om norskprøve, samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøve.
Ny i Norge – dette er ei samleside der Integrerings- og mangfoldsdirektoratet har samla informasjon frå ulike offentlege myndigheiter.