Nasjonalt lånekort
Om nasjonalt lånekort – registrering og bruk
Nasjonalt lånekort – på sida vi lenkjer til berre blir omtalt som bibliotekkort(et) – gjev deg tilgong til bibliotektenestene hos ditt lokale bibliotek, men kan og brukast til å låne materiale ved nesten alle bibliotek i landet. Det er dette som er forskjellen frå eit lokalt lånekort – som berre kan brukast hos ditt lokale bibliotek. For å få eit nasjonalt lånekort må ein oppgje personnummer, og at nokre opplysningar vert lagra i eit nasjonalt låneregister. Dette står det meir om nedanfor under personvern.
Om du vil ha nasjonalt lånekort kan du registrere deg på lenkja over, eller kommer innom biblioteket – anten i Svelgen eller på Hauge og registrere deg i skranken. På Bibliotekkortet.no kan du og logge inn og administrere din eigen låneprofil. Du kan endre kontaktinformasjon og bytte PIN-kode / passord. Namn og adresse vert henta frå folkeregisteret.
Dersom du registerer deg direkte på heimesida til bibliotekkortet, må du og registrere deg ved bibliotek du ønskjer å bruke. Dette gjer ein enkelt første gong ein skal låne materiale frå biblioteket. Kom då innom og snakk med oss i skranken. Legg merke til at ulike bibliotek kan ha ulike lånereglar og erstatningsreglar, så når du registrerar deg som lånar hos eit nytt bibliotek bør du sette deg inn i dei lokale lånereglane.
Er du 15 år eller yngre må du ha med føresett når du skal registrere deg.
Personvern
Informasjonen her er ein forkorta versjon av personvernserklæringa på heimesida til bibliotekkortet. Dersom du vil lese personvernerklæringa i fulltekst så gjer du det her: Personvernerklæring nasjonalt lånekort.
Nasjonalbiblioteket, og deira underleverandør, har ansvar for behandling av personopplysningar i samband med nasjonalt låneregister og tenesta bibliotekkort.no. Ditt lokale bibliotek har ansvar for dei opplysningar som dei brukar for å administere lånarar etter at informasjon er henta frå det nasjonale låneregisteret.
Formålet med å lagre personopplysningar er at du som lånar blir del av eit nasjonalt låneregister, og har tilgang via bibliotekkortet ditt til å låne materiale frå dei fleste folke- og skulebibliotek i landet.
Lagring av personopplysninger: Nasjonalt låneregister lagrar lånenummer, namn, fødselsnummer, adresseopplysningar, telefonnummer, e-postadresse og kva bibliotek du er lånar ved. Desse opplysningane og autentiseringsinformasjon er det eineste som lagres om deg i nasjonalt lånerregister. Ditt lokale bibliotek kan i tillegg ha informasjon om purringar, erstatningskrav, og eventuelt info om sperring av lånekort. Vi lagrar og lånehistorikk for dei som ønskjer det, men berre etter samtykke frå kvar enkelt lånar.
Du har rett til innsyn i kva opplysningar som vert lagra om deg. Det finn du ved å logge inn på bibliotekkortet.no. Det krev tofaktorautentisering. Dersom du lurer på kva opplysningar ditt lokale bibliotek har om deg, så er det berre å spør i skranken. Om du skal ha innsyn i desse opplysingane må du ha med ID den dagen du spør.
Personopplysningane vert delt kryptert mellom godkjente systemleverandørar – for oss Cicero. Per dags dato ligg personnummer ikkje kryptert i Cicero. Dette jobbar vi med å få på plass. Nokre personopplysningar vert automatisk synkronisert mot Folkeregistert – fullt namn, kjønn og adresse. Dette må du endre i Folkeregisteret om du ser feil opplysningar.
Nokre digitale tenester – t.d. Filmbib – sjekkar nasjonalt lånekort for autentisering når du registrerar deg – dei sjekkar då at lånenummer, PIN eller passord er riktige.
Du kan logge på bibliotekkortet.no med tofaktorautentisering. Der kan du endre telefonnummer, e-postadresse, og passord / PIN-kode.
Adresse og namn må endrast via Folkeregisteret.
Sletting
Det er enkelt å slette deg frå nasjonalt låneregister. Du loggar deg på bibliotekkortet.no og slettar din brukar derfrå. Då får du ei liste over bibliotek du er regisrert hos, merk at sjølv om du er sletta i det nasjonale registeret er du framleis registrert hos desse biblioteka. Du må kontakte kvart enkelt bibliotek om du vil slettast hos dei som lånar.
Om kortet er inaktivt i 3 år vert det automatisk sletta. Du får varsel 30 dagar før.
Dersom du ikkje vil opprette eit nasjonalt lånekort, så kan du ha eit lokalt lånekort ved ditt bibliotek. Då treng du ikkje registrere personnummer. Dersom du ombestemmer deg kan eit lokalt lånekort enkelt oppgraderast til eit nasjonalt kort – når du ønskjer. Då må ein fylle inn naudsynt informasjon som manglar.