Biblio
Lån ebøker og lydbøker gratis med Biblio-appen frå folkebiblioteket.
Dette er den nye appen som har erstatta Bookbites. Om du har brukt Bookbites før kan du bruke same innlogging, men du må laste ned den nye appen.
Har du ikkje ein BookBites-brukar frå før?
Då opprettar du ein ny brukar i Biblio. Du treng ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå folkebiblioteket. Slik går du fram:
- Last ned appen
- Du finn Biblio i App Store, Google Play, eller i nettlesaren på https://biblio.app
- Opprett ny brukar
- Trykk på profilbildet øvst til høgre.
- Trykk på Logg inn eller opprett ny brukar.
- Pass på at du vel riktig land øvst. Trykk Fortsett med e-post.
- Oppgje ei gyldig e-postadresse og lag eit passord.
- Aksepter føresetnadane og trykk Opprett konto.
- Vel den kommunen der du har eit bibliotek du kan låne bøker frå med lånekortet ditt.
- Legg til lånekort og pinkode
- Lånenummer og pinkode finn du på https://bibliotekkortet.no/.
- Tillat datainnsamling og aksepter vilkår og føresetnadar
- Oppgje fødselsåret ditt under Profil – Innstillingar – Personleg informasjon
- for å få bokhyller som passar til alderen din.
