I vinterferien hadde vi aktivitet for born på biblioteket. Onsdag såg vi film og hadde popkorn. Torsdag var det ei lita minecraftturnering der dei som vart med skulle bygge ein gard, og ha så mange dyr på den som mogleg. Dei fekk ekstra poeng for lama.
På fredag hadde vi drop-in bokmerkeverkstad. Det var kjekt og vi brukte maling, farga papir, silkebånd og fargeblyantar til å lagre vakre bokmerker i alle former.
Her er nokre bilete frå verkstaden:

