Det kan skje på di vakt

Føredrag med Fredrick Johan Helland på Bremanger folkebibliotek, Svelgen

Torsdag 18. september klokka 17:00

Arrangement er i regi av Bremanger folkeakademi

Gratis inngang, med kaffi og noko attåt – og eit veldig interessant foredrag!

Me lever i eit samfunn i endring, og me kan ikkje rekne tryggleiken og fridomen vår som sjølvsagt. ​

Fredrik Johan Helland var i fyrstegongstenesta i 1. gardekompani i Hans Majestet Kongens Garde i åra 2010–2011. Der opplevde han korleis garden løyste oppdraget sitt 22. juli 2011.​

Eit spanande foredrag om å vere vaken når det gjeld.

Plakat med folkeakademifargane og logo for arrangement med Fredrik Johan Helland. Tekst på plakat identisk med tekst i artikkel.