Julegleder 2025

Julegåver til born og unge som treng det mest i bremanger kommune.

Målet er at alle barn og unge i Bremanger kommune skal få ei julegåve å opne på julafta. Alle gåvene blir samla inn på biblioteka i Svelgen og på Hauge. For at gåvene skal nå barna må du:

  1. Kjøpe eller lage ei fin julegåve
  2. Pakke den inn og merke den med kjønn og alder
  3. Levere gåva til ditt lokale bibliotek

Frist for levering er 9. desember 2025. TUSEN TAKK! For spørsmål kontakt Bremanger frivilligsentral, eller hovudbiblioteket i Svelgen. Gåvene vert fordelt etter behov meldt inn i eigne kanalar til frivilligsentralen.

Infoplakat om julegleder 2025 - tekst er same som i innlegg