Foredrag med Ben Ward

Torsdag 5. februar kjem Ben Ward – kjent frå Der ingen skulle tru nokon skulle bu – til Svelgen. Merk foredrag på engelsk!
Fjellgarden Kroken- Benjamin Ward – frå London til Kroken.

Torsdag 05. februar klokka 17:00 på Bremanger fjordhotell.


Foredraget er på engelsk!


I regi av Bremanger folkeakademi, og i samarbeid med Bremanger frivilligsentral, Bremanger fjordhotell og folkebiblioteket.
Høyr historia om Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn.


Kjent frå NRK serien « der ingen skulle tru..» Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane sto i kø. Kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette ham på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det var han sjølv som trengte reparasjon.
Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogleg når du nektar å gje opp. Nokon draumar er verdt å kjempe for – eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit.
Etter foredrag er det mogleg å kjøpe boka til Ward og få den signert.

Bilete av Ben Ward i caps og stikkejakke. Under er informasjon om tid og stad for arrangement samt ei kort beskriving.