Sommarles 2026

Det er eit sikkert tegn på at sommaren kjem – no startar snart årets sommarles-kampanje! Frå 1. juni til 31. august kan born – frå dei som skal starte i 1 klasse til dei som no går ut av 7 klasse – delta i sommarles, gå opp i nivå, få premiar på biblioteket i sommer, og vere med på sommarlesfest i september!

Foreldre må hjelpe ungane å lage konto på sommarles.no, og dei som har vore med tidlegare år kan bruke same konto som før. Og for dei som har gløymt passord; de kan lage nytt når de skal logge inn!

I år er det likevel STORE NYHEITER! Ein skal ikkje registrere talet sider ein les, men kor mange minutt ein les! Det er slik at alle som les – anten dei les fort eller sakte – skal stå på lik uttelling for innsatsen. Det er lagd eit leselogg-skjema ein kan bruke, så ein slepp logge inn på sommarles kvar gong ein les. Så det er no tida ein bruker, og ikkje sidene ein les som gjev poeng.

Om de har spørsmål om sommarles, eller treng hjelp med innlogging eller registrering er det berre å komme innom biblioteket.

Det er og på biblioteket de kan hente premiar når sommarles startar.

Og for dei ivrigaste – det er berre det ein les frå og med 1. juni de kan registrere.