Etter ein lengre periode med tekniske problem er no meirope tilbake i vanleg drift.
Det vil sei at for de som har signert avtale med biblioteket kan de nok ein gong logge inn kvar dag frå 07:00 på morgonen til meirope stengjer 22:00.
Har de problem med innlogging ta kontakt med biblioteket i ordinær opningstid.
Har du ikkje signert kontrakt for meirope, men ynskjer tilgang? Då er det berre å komme innom ein dag og vi hjelp deg med kontrakt, går igjennom informasjon om tilbodet og viser deg korleis innloggingspanel og utlånsautomat fungerar.
Alle over 18 år som er regisrerte i vår katalog kan bruke tilbodet. Føresatte kan ta med ungar på biblioteket i meirope tid!
De kan lese meir om tilboder ved å gå til sida vår om meirope bibliotek.

