Språkkafe er onsdagar frå 13:30 til 14:30 på biblioteket i Svelgen. Det er ope for alle, og er ein fin kombinasjon av litt lett gramatikk og mykje hyggeleg samtale.
Alle nivå norsk er velkomne- anten ein snakkar flytande eller er akkurat byrja å lære.
Bremanger frivilligsentral sponser og kaffe med noko attåt.
Om du har spørsmål om språkkafeen kan du kontakte oss i opningstida og vi skal svare på det meste!
Dette er eit lågterskel tilbod, ein treng ikkje førebu noko som helst. Berre kom innom og prøv, er det kjekt er du velkommen tilbake når du måtte ønskje.

