Bookbites

Biblioteka i Vestland nyttar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker. Det er gratis å bruke appen.

Alle kan laste ned appen og opprette brukar, men for å låne og lese bøkene må du ha eit nasjonalt lånekort.

Du finn appen i Google play og i App store.

Første gong du brukar Bookbites må du lage ein brukar. Du kan opprette eit nytt brukarnamn og passord, eller logge deg inn med anten Facebook-kontoen din eller Google-konto, om du ønskjer det. Deretter registrerar du lånenummer og PIN-kode og knyttar appen til ditt bibliotek.

Dersom du ikkje finn lånekortet ditt eller har gløymt PIN – kontakt ditt lokale bibliotek for hjelp.

No kan du sjølv søke i utvalet i Bookbites, laste ned og lese når du ønskjer.

Merk at bøkene i appen framleis har ei standard lånetid, og dersom det er venteliste vil du ikkje kunne fornye / lese dei utover lånetid.