Digitale tenester
Her finn de ei oversikt over digitale tenester tilgjengeleg via Bremanger folkebibliotek. Dersom de treng hjelp til å komme i gong med tenestene kontakt oss på biblioteket.

BookBites
Biblioteka i Vestland nyttar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker. Det er gratis å bruke appen. Alle kan laste ned appen og opprette brukar, men for å låne og lese bøkene må du ha eit nasjonalt lånekort. Om du treng hjelp til dette kom innom biblioteket og vi hjelper deg. Du finn BookBites-appen i Google Play og Apple Store.

Pressreader
Gjennom appen Pressreader får du tilgang til tusenvis av aviser og tidsskrifer på over 60 språk. Når du er kopla på gjestenettet på biblioteket og opnar appen får du automatisk tilgang i ei veke. Her finn du og fleire av dei nasjonale avisene i Noreg – Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen for å nemne nokon.

Bokhylla.no
Nasjonalbiblioteket har gjort ein stor innsats for å digitalisere norske bøker utgitt før år 2000. Desse, samt mange lokale, regionale og nasjonle aviser, kan du søke opp på bookhylla.no og lese på nett. For å få tilgang må du bruke ei norsk IP-adresse.

Filmbib
På Filmbib kan du strøyme norske kort- og dokumentarfilmar gratis. Her finn du filmar for både voksne og barn – alt frå humor og animasjonsfilmar til samfunnsaktuelle dokumentarar. Sida vert oppdatert med nytt innhald fortlaupande. For å nytte tilbodet må du ha eit nasjonalt lånekort.

Filmoteket
Filmoteket er bibliotekas filmstrøymeteneste. Her finn du norske, europeiske og internasjonale filmar. Du finn alt frå blockbusters til smalfilm, og utvalget er for alle aldrar. For å ha tilgang må du vere registrert lånar ved Bremanger folkebibliotek og ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Du kan låne inntil 5 filmar i månaden og kvart lån varar i 48 timar.

Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er eit digitalt bibliotek med bøker på mange ulike språk. Her kan du finne bøker og lydbøker på dei største innvandrarspråka i Skandinavia. For å bruke tenesta må du ha ei epostadresse og opprette ein brukar. Tenesta er gratis å bruke for alle, men du må fysisk opphalde deg i Noreg eller Sverige for å bruke tenesta.

Tibi – biblioteket for tilrettelagt litteratur
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur er ei bibliotekteneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Tilbodet er for alle som har utfordringar med visuell tekst pga. sjukdom eller funksjonsnedsetting. Tibi lager og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift. Dersom du ønskjer meir informasjon om korleis du kan nytte tilbodet kan du ta kontakt med oss på biblioteket eller Tibi direkte.