Lån og lånereglar
Generelle reglar
- Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Born under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort. For å få lånekort må ein ta med legitimasjon når ein skal registrere seg.
- Utenlandske lånarar kan få lånekort, dersom dei har norsk personnummer, D-nummer (utenlandsk statsborgar som skattar til Noreg), eller DUF-nummer (innvandrarar og asylsøkjarar). De må og ta med legitimasjon når de skal registrere dykk.
- Adresseendring eller tap av lånekort skal meldast til biblioteket. Lånekort skal ein ha med når ein skal låne. Lånar er ansvarleg for det materialet som vert utlånt på sin lånekonto. Tap av materiale skal erstattast etter bibliotekets sine reglar. De finn erstatsningssatsane på eiga side her. Lånekort vert sperra ved gjentatt tap av materiale.
- Låne til skuleklassar skal ha ein lærar ansvarleg for lånt materiale og eventuelt tapt materiale skal erstattast av skulen.
- Utlånt materiale kan reserverast om lånar ønskjer det. Biblioteket kan fjernlåne bøker frå andre bibliotek, dersom vi ikkje har dei sjølv. Merk at Bibliotekutvikling Vestland har oppdatert retningslinjer for fjernlån. De finn dei i eiga fane.
- Lånar er ansvarleg for all skade på materiale som er utlånt i sitt namn / på sitt lånekort. Føresette er ansvarleg for borna sine lån.
- Biblioteket er ikkje ansvarleg for skade som måtte skje på avspelingsutstyr. Dersom det er skade på DVD er det fint om de varslar bibliotek når de returnerar materialet.
Internett og playstation
Ein kan bruke gaming-pc og playstation i inntil ein time. Dersom det ikkje er andre i kø kan ein bruke maskinene lengre.
Feil ved maskiner eller programvare skal meldast til personalet.
Lånetid
Bøker / lydbøker : 4 veker
Tidsskrift : 4 veker
Dataspel : 4 veker
Språkkurs : 2 måneder
Film: 4 veker
Gaming-PC / Playstation (i biblioteklokalet) : 60 minutter