Lokalhistorie og slekt

Lokalhistorie

Bremanger i Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Dette er hefter og bøker publisert om Bremanger som ligg i Nasjonalbiblioteket sitt scanna materiale i nettbiblioteket. Merk at dette ikkje er ei fullstendig liste, men det materialet Nasjonalbiblioteket har digitalisert. Difor kan det vere aktuelle titlar som ikkje er tilgjengeleg her. Om du ser etter ei spesifikk bok og ikkje finn den, ta kontakt med Bremanger folkebibliotek og vi hjelp deg.

Davik kommune er en tidlegare kommune som inneheld delar av det som i dag er Bremanger kommune. Davik kommune vart delt mellom Bremanger, Kinn (Vågsøy) og Stad (Eid) kommune i 1964. Leitar du etter materiale i kommunale kjelder før 1964 for Davik og omegn i Bremanger kommune, så finn du dette i kjelder frå gamle Davik kommune. Trefflista her er på nytt eit søk i Nasjonalbiblioteket sine digitaliserte bøker på nettbiblioteket.

Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane laga ei oversikt over forfattarar frå alle kommunane i gamle Sogn og Fjordan fylke, denne sida er framleis oppdatert. Her finn de ei oversikt over forfattarar frå Bremanger kommune.

Fjognedok er ein database i regi av Bibliotekutvikling Vestland (fylkesbiblioteket). Det er ei samling lokalhistoriske artiklar frå Sogn og Fjordane. Her kan man søkje på fleire forskjellige måtar, for eksempel med forfattarnamn, emneord eller fritekst.