På biblioteket

Bremanger folkebibliotek, Svelgen

Bremanger folkebibliotek, hovudbiblioteket, finn de i Granden 2.

Her er det Språkkafe kvar onsdag klokka 13:30 til 14:30, og treffpunkt – for meir uformell samtale på norsk – torsdagar 18:00 til 19:00.

Biblioteket har lokalavisene Firdaposten, Fjordenes tidende, Firda og Fjordabladet, samt Klassekampen. Biblioteket held og ei rekke tidsskrift.

Det er publikums-PC med internett og svartt/kvitt skrivar. Det er mogleg å få fargeutskrift og hjelp med scanning i biblioteket si ordinære opningstid. Spør i skranken, så får du hjelp.

Biblioteket har gratis kommunalt gjestenett.

Der er 4 gaming-PCar ein kan bruke. Der er Playstation i hovudetasjen og kjellaren. I vanleg opningstid må ein «tinge» tid i skranka for å bruke desse. Vi har spel til lån i biblioteket.

Hauge filial

Hauge filial finn ein på Hauge oppvekstsenter.

Filialen har ope to gongar i veka. Der finn ein bøker for vaksne, og eit særs godt utval barnebøker.

Filialen har ein Playstation ein bruke i opningstida, samt spel ein kan låne.