Sommarles

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje som dei fleste folkebiblioteka i Noreg deltek i kvar sommar. Kampanjen varer frå 1. juli til 31. august, og skal inspirere barn til å lese i sommarferien. Kampanjen er for alle som skal byrje i 1. til og med 7. klasse. Sommarles har ein digital plattform de finn her: sommarles.no
På nettsida registrerar du deg som deltakar. Barn får hjelp av foreldre til å registrere seg og opprette ein profil. Sidan kan du registrere alt du les i løpet av sommaren på nettsida – det gjeld papirbøker, ebøker, og lydbøker. Teikneseriar så vel som lange romanar. Vert du lest høgt for? Registrer det. Her tel alt med – det viktigaste er at du les og har det kjekt.
På nettsida finn du sommarlesforteljinga, spørsmål du kan svare på, du kan registrere kodeord som heng på biblioteket, og du kan finne vener sine profilar. Når du er aktiv på nettsida får du poeng (XP), og går opp i nivå – akkurat som på i eit digitalt spel. Når du når bestemte nivå får du varsel om at du kan hente premiar på biblioteket. Desse kan du hente på ditt lokale bibliotek, men og hos alle andre bibliotek som er med på kampanjen. Sjølv om du er på ferie kan du difor hente premiar!
Du kan hente premiar på biblioteket etter at kampanjen er slutt, men du må hente dei innan 14. september.
Kvart år er det ei ny sommarlesforteljing om Astrid og Asbjørn av forfattaren Mari Moen Holsve.
Ønskjer du som føresatt meir informasjon finn du det her: om Sommarles for føresette
Kvart år i september har biblioteket ein sommarlesfest der ein delar ut diplom, har underhaldning og delar ut sommarens hovudpremie.