Eit blått bokomslag med tittelen i store kvite bokstavar, mot botnen av framsida kjem det opp ei teikna hand som held ein mobiltelefon i ei knyttneve.

Hvem styrer feeden min?

Forfattar:
Bår Stenvik

Eg lagar kaffe, finn fram ei god bok og riggar meg til i sofaen. No skal det lesast!

Plutseleg oppdagar eg at eg sit på Instagram og scrollar.

Kvifor er det slik?

Dette er noko av det Bår Stenvik prøvar å forklare i den nye boka si – Hvem styrer feeden min? For kva er det som ligg bak og murrar i sosiale medier? Kvifor får eg opp dyr, boktips og design inspo til huset? Kjenner algoritmen meg? Og kvifor – uansett kor mange timar eg scrollar – får eg opp ting eg ikkje likar?

SoMe er ikkje styrt at KI, i alle fall ikkje enno, og det er mange mekanismer som ligg bak og styrar kva vi ser og når. Stenvik tek oss med bak i kulissane og forklarer kva som skjer – og i nokre tilfeller kva han trur skjer – når vi scrollar på feedane våre. Boka tek oss ikkje så djupt inn i det reint tekniske, men ser på dei ulike årsakane til kva val som er gjort. Det meste kokar ned til psykologi, og spelteori, – som alt har som mål at vi skal scrolle lengst mogleg i akkurat deira app.

Stenvik har og gjennomført eit prosjekt med ein 9. klasse i Oslo. Der prøvde dei å anten ikkje bruke SoMe ei veke, eller kutte drastisk ned, og undervegs og etterpå intervjua han elevane om korleis det gjekk og kva dei tenkte rundt eigen bruk av SoMe. Det er veldig interessant å sjå korleis elevane sitt forhold til SoMe reflekterar dei mekanismane som ligg bak appane.

Og ikkje minst – eit evig spørsmål som Stenvik kjem tilbake til fleire gongar: kven er det som tenar på at vi er så avhengige av sosiale medier?

Ei riktig interessant og lettlest bok for alle, ikkje berre dei som scrollar vel mykje.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok,
Sakprosa