Bookbites blir no til Biblio

Frå og med april 2026 byrjar overgangen frå Bookbites til den nye bibliotek-appen Biblio. No fram mot sommaren kan ein framleis bruke Bookbites, men på eit tidspunkt vil ein ikkje kunne låne nye bøker i den gamle appen. Den gode nyheita er at vi får ein flunkande ny app!

I den nye Biblio-appen vil ein ha same moglegheita til å låne gratis ebøker og lydbøker frå biblioteka.

For de som allereie brukar Bookbites vil appen automatisk få melding om overgangen i Bookbites.

De må laste ned den nye appen sjølv i den app-butikken de bruker, men de kan bruke same brukarnamn og passord til å logge inn i Biblio som i Bookbites. Om de ikkje hugsar passord kan ein bruke «gløymt passord» for å lage eit nytt.

Om de ikkje har brukt Bookbites, så er de no meir enn velkomne til å laste ned Biblio og prøve biblioteket sitt app-tilbod.

Dersom de har spørsmål om overgangen eller den nye appen er det berre å komme innom biblioteket i ordinære opningstider, og vi hjelp dykk med overgangen eller å komme i gang med Biblio-appen.