Reglement

Generelle reglar

  • Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort. Andre må vise legitimasjon for å få kort.
  • Utanlandske lånarar kan få eige kort, dersom dei enten har norsk personnummer, D-nummer (utanlandsk statsborgar som skattar til Noreg) eller DUF-nummer (innvandrarar og asylsøkjarar).
  • Adresseendring eller tap av kort må meldast til biblioteket. Lånekortet skal ein ha med seg for å låne. Lånaren er ansvarleg for alt materiale som vert lånt på kortet. Tap av materiale må erstattast etter biblioteket sine reglar. Lånekort blir sperra etter 4 purringar.
  • Lån til skuleklassar, skal ha ein lærar som ansvarleg for materialet og ev. tap skal erstattast av skulen.
  • Utlånt materiale kan reserverast om lånaren ønskjer det. Biblioteket kan fjernlåne bøker frå andre bibliotek, dersom vi ikkje har dei sjølv.
  • Lånaren er ansvarleg for all skade på materialet som er lånt på vedkomande sitt lånekort. Føresette er ansvarlege for borna sine lån.
  • Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på avspelingsutstyr.

Internett og PlayStation

  • Ein kan bruke Internett og PlayStation inntil 30 min. Dersom ingen andre ventar på å bruke maskina, er det høve til å sitte lenger.
  • Feil ved maskiner eller programvare skal meldast til personalet.

Lånetid

  • Bøker/lydbøker: 4 veker
  • Tidsskrift: 4 veker
  • Musikk: 4 veker
  • Dataspel: 4 veker
  • Språkkurs: 2 månader
  • Film: 7 dagar
  • Internett/PlayStation: 30 minutt

Erstatningsgebyr

  • Bøker for barn (skjønn/fag): 350,00
  • Bøker for vaksne (skjønn/fag): 450,00
  • Filmar: 200,00
  • CD (enkel/dobbel): 200,00 – 250,00
  • Lydbøker (mp3/CD/digi): 250,00 – 450,00
  • Lydbøker – enkeltplater: 150,00 –
  • Dataspel: 200,00 – 500,00
  • Teikneseriar (h./ib.): 100,00 – 400,00
  • Tidsskrift: 100,00 –
  • Seriebøker vaksne (hefta): 250,00
  • Deler av verk (skjønn/fag): 500,00 –
  • Språkkurs: 500,00 – 1600,00
  • Digispelar: 500,00

 

Last ned reglementet (pdf)

Lånekortregistrering (pdf) Fyll ut skjema og ta med til biblioteket

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close